Møre og Romsdal er homosinker

Møre og Romsdal har aldri hatt eit eige fylkeslag for lesbiske og homofile. Men etter nyttår satsar Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) på å starte opp også her, fortel John Trygve Tollefsen frå LLH.

- All openheit og all synlegheit er viktig. At folk får sjå at vi er ein naturleg del av bybildet vil gjere det lettare for andre som kanskje ikkje heilt har funne sin plass, seier Tollefsen.

- For LLH er det viktig at vi har opne, stolte lesbiske og homofile over heile landet. Det er viktig å vise at kven som helst kan vere homofil, og at vi fins overalt. Difor er det viktig å også starte opp eit fylkeslag i Møre og Romsdal, forklarer Tollefsen.

Med eit eige fylkeslag kan det bli lettare for homofile å stå fram, og lettare å etablere eit nettverk, trur Tollefsen.

Les resten på nrk.no

Skriv et svar