Knut Eidal (56) har vore open homofil i snart 40 år. No er han med og startar eit nettverk for andre homofile.
– Eg har opplevd Rukkedalen og Nes som positive og inkluderande samfunn, fortel Knut Eidal. – Det kan jo vere ein styrke å vere annleis. Eg trur alle menneske har ein trong til å vere noko spesielt.
Rukkedølen har vore open homofil, sidan siste året på Hallingdal Gymnas i 1970. Russeformannen syntest ikkje det var særleg vanskeleg å kome ut.
– Dei fleste på skulen visste det etter kvart. Det var ikkje eit problem. Kanskje er eg litt naiv, ler 56-åringen. – Men eg ser det er forskjell på folk. For andre er det vanskelegare å kome ut.
Les resten på Hallingdolen.no